Det var full fart frå start av ved Tjelmeland då løpet Langs Åkrafjorden starta laurdag. Foto: Grethe Hopland Ravn
Laurdag er det mosjonsløpet Langs Åkrafjorden.

Rekordpåmelding til løp langs Åkrafjorden

IF Klypetussen inviterer til Langs Åkrafjorden komande laurdag og påmeldinga er lovande for oppslutninga. Løypa er elleve kilometer lang og går langs gamlevegen frå Kyrping til Åkafjordtunet.

Publisert Sist oppdatert

— Arrangementet blir naturleg nok aldri som Sentrumsløpet i Oslo med 10.000 deltakarar, men å få deltakar-rekord i løpsklassen er noko klubben veit å verdsetja, seier Gisle Sellevold på vegner av Klypetussen.

For 16. gong

Aldri på 16 løp har så mange førehandspåmeldt seg som i år; 48 personar fire dagar før starten. Lars Lunde, Ørjan Grønnevig og Nils Haktor Bua er blant mange gode i herreklassen. I dameklassen kan Sara Årseth trua Maryna Novik. — Men det kan endå koma fleire toppløparar, og venteleg mange andre gode deltakarar som ikkje vil definera seg som toppløparar, seier Sellevold.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS