Blir inspirert av utsikt og fargar
For Asbjørg Heggø (47) er det gjerne utsikta utover Ølsfjorden frå heimen på Kjellasvik, som gir inspirasjon til nye måleri. No har ho ferdigstilt 24 kunstverk, og skal halda si aller første salsutstilling.
Laurdag og søndag opnar Asbjørg Heggø heimen sin, i Kjellasvikvegen. Og for aller første gong i sitt 47-årige liv skal ho halda salsutstilling.
— Eg har måla heilt sidan eg var barn, og har alltid funne glede i det. Fram til i fjor har eg stort sett måla figurativt og konkret, men så deltok eg på eit par målekurs med Rene Bjerke og det var svært lærerikt. I år har eg også prøvd meg på abstrakt måling, noko som har vist seg å vera svært spennande, seier Heggø.
Ektemannen sin idé