Jens Håkon Horneland var i fjor særs nøgd med toppkarakterar på vêrlammet sitt i verkåringa.Arkivfoto
Bondemarknad og verakåring
Laurdag blir det liv og røre når bondemarknaden i Etne blir arrangert. Det blir god gamaldags marknad med rundt 50 utstillarar, det blir kåring av årets verlam og ikkje minst tvekamp.
Marknaden blir arrangert utanfor Etne senter, Felleskjøpet og Extra Etne. I fjor blei denne marknaden arrangert for aller første gong, og sjølv om regnet ausa ned kunne arrangørane konkludera med suksess frå ende til annan. Førebels ser det ut til at det kan bli like surt som i fjor, men påmeldinga er uansett stor. Uansett vêr blir det like fullt ein marknad det er verd å få med seg. Kåringa av årets verlam pleier å vera eit arrangement som mange likar å få med seg, for dette er ei årviss kåring som har lange tradisjonar, og som tidlegare blei arrangert på utstillingsplassen ved Tongane.
Salsboder
Det er rekordmange utstillarar, neste 50 i talet, som har meldt seg dette året. Og hos desse kan ein handla både smultringar, vaflar, poteter, egg, grønsaker, geitost, lefser, honning, skinn, kjøtprodukt, potetkaker, spekemat, økologisk is, kinesisk mat, saft, syltetøy, sukkerspinn, vêrlamlår, i tillegg til klede i fleire variantar, garn, strikketøy, keramikk, heimelaga gåver, motoriserte køyretøy og mykje meir.