Kenneth Karlsen er Etne Frp sin ordførarkandidat.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Eit historisk breitt samarbeid
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) blir som venta ny ordførar i Etne. Meir overraskande er at Kenneth Karlsen frå Frp blir kommunen sin varaordførar.
Det mest interessante i avtalen som blei sluttført onsdag føremiddag, er at alle parti med unnatak av Ap, står bak den politiske kabalen etter at veljarane hadde sagt sitt.
I ei pressemelding signert Etne Sp, Etne Frp, Etne Høgre, Etne Venstre, Etne KrF, går det fram at hovudstolpane til Etne kommune – trygg, raus og engasjert – ligg i botn for eit av dei breiaste politiske samarbeida i Etne kommune nokon gong.
Med Høgre, Venstre, Frp og KrF i ryggen, blir Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim ordførar i kommunen. Dermed er nesten heile kommunestyret samla om ordføraren som overtar etter Siri Klokkerstuen (Ap).