Ekteparet Morten og Unn Karin Brekke sit nesten ikkje stille. Dei fortel at dei aldri kunne ha kjøpt ei ferdigbygd hytte. Her skal dei byggje ny terrasse.FOTO: Kristina Haugen MoeBilde 1 av 13
Her har Morten Brekke samla all historia til eigedomen.Foto: Kristina Haugen MoeBilde 2 av 13
Dette skapet, sølvtøyet og porselenet som er inni har vore her sidan dei tok over.
Haustidyll på Stornøyno.
Stolar, bord, rekkverk, kjøkenbenk. Alle desse er laga av far til Unn Karin av skogen berre få meter frå huset.
Det finst mange stader på eigedomen til å slappa litt av på - blant anna her med hengekøyene likar barnebarna deira å vere, fortel Morten Brekke.Foto: Kristina Haugen MoeBilde 6 av 13
Naustet var det første prosjektet ekteparet starta på i 2000. Benken utanfor har Unn Karin Brekke både designa og laga heilt sjølv.
Morten Brekke viser fram sauehuset som vart om til eit anneks. Her med takrennene frå den omreisande seljaren.
Slik ser sauehuset ut den dag i dag. Eit flott anneks.
Morten og Unn Karin Brekke saman med hunden Emil. Dei er langt frå ferdige med restaureringa, og har mykje å henga fingrane i.
Ekteparet Morten og Unn Karin Brekke sit nesten ikkje stille. Dei fortel at dei aldri kunne ha kjøpt ei ferdigbygd hytte. Her skal dei byggje ny terrasse.Foto: Kristina Haugen MoeBilde 11 av 13
Velstelt og idyllisk eigedom på Storøyno i Imsland ein sommardag.Foto: PrivatBilde 13 av 13
Bygg & Bu
Forvandla eigedom med falleferdige hus
Morten Brekke og kona Unn Karin frå Sauda kjøpte ein svær eigedom med sju falleferdige bygningar i 2000. Sidan den gongen har dei jobba kontinuerleg med restaurering, maling og bygging. Dei er likevel ikkje ferdige, og klør i fingrane etter å utvikle idyllen vidare.
— Ein forretningsmann og kona frå Sauda. Dei andre som bur her var nok redde for at me skulle gjera pengar av eigedomen og laga tomter på øya, fortel Morten Brekke om då dei overtok eigedommen på Kvaløy for snart 20 år sidan.
Den gongen såg eigedommen ikkje i det heile ut slik som den gjer i dag; med velstelte og grøne plenar, grønsakshagar og ein stor og flott parkeringsplass. Ekteparet frå Sauda fortel at det faktisk ikkje såg greitt ut i det heile tatt, då dei overtok den gamle husmannsplassen Storøyno.
— Folk sa til meg: At du orkar dette her. I fleire tiår hadde heile eigedommen stått til forfall. Bygningane frå 1930-åra blei ikkje malt eller tatt vare på, seier Morten Brekke.
Han er kjent for sitt hjelpearbeid til Romania i 20 år. I Sauda driv han Presanghuset og utleige av hus, medan kona driv i cateringbransjen.
Morten Brekke fortel om korleis tilstanden var på hovudhuset då dei overtok.
— I kjellaren var det berre ein stor kompostbinge, og heile huset heldt på å tippa over ende fordi det var fleire bjelkar som var rotne.
Han fortel også om mygla tepper, mus og lekkasje i pipa.
— Den første natta me var her gjekk eg med sjøstøvlane på heilt fram til sengekanten, ler Brekke.
Så kor går ein eigentleg derifrå? Ein kjellar full av møkk og eit falleferdig hus. Korleis vart eigedomen til slik den er i dag?
Haustidyll på Stornøyno.
Det hadde ikkje passa seg med ei funkishytte» her ute. Det skal sjå gamalt utMorten Brekke
Historia om overtakinga
Historia om korleis ekteparet Brekke overtok eigedomen er eigentleg ei ganske unik historie. Morten overtok leiketøybutikken til far sin i 1981, og blei godt kjend med Olav Døsja, som selde leiker til butikken.
— Olav har vore som ein bestefar til denne familien. Han har vore med i konfirmasjonar, barnedåp og selskap. Me hadde eit nært band, fortel Brekke.
Olav hadde arva ein flott eigedom frå foreldra sine då dei gjekk bort. Og då Olav skulle amputere den eine foten i seinare tid, kontakta han Morten med tanke om at han ville overta.
— Han ringte i niognitti og sa at han ville overføre eigedomen til meg. For oss kom det som ei overrasking. Me overtok året etter, men Olav hadde bruksrett heilt fram til han døydde i 2003. Og han hadde aldri brukt det så mykje som etter at me overtok det, for då såg han at det blei halde vedlike.
Vil bevare ting slik det var
Når ein står inne i stova kan ein sjå både sjøen, det tidlegare sauehuset som no er blitt eit lite anneks, skog, nokre hengekøyer i hagen og ein halvferdig terrasse. Det er totalt sju bygningar på eigedomen. For Morten og Unn Karin har det vore spesielt viktig å halde eigedomen slik den alltid har vore – så langt det har latt seg gjere.
– Me har vore opptatt av at me vil tilbakeføre det slik det såg ut her frå byrjinga av. Vindauga er spesialbestilt slik det såg ut då det var nytt, og me har same kledningen som det var før. Me brukar den same taksteinen om igjen når me legg tak på ny.
Morten er klar i sin tale:
— Det hadde ikkje passa seg med ei funkishytte» her ute. Det skal sjå gamalt ut.
Naustet var det første prosjektet ekteparet starta på i 2000. Benken utanfor har Unn Karin Brekke både designa og laga heilt sjølv.
Ekteparet har brukt cirka annakvart år på å restaurere kvar av dei sju bygningane på eigedomen. Ein av jobbane deira gjekk ut på å restaurere det som var sauehuset – som no er blitt ei flott anneks med hems.
— Foreldra til Olav hadde åtte sauer i det sauehuset, men me har høyrt frå dei eldre på øya at dei pleidde å leige det ut på 50-talet.
Her har ekteparet også vore nøye med å bestille same type vindauge og lagt på det same taket, slik at ting skal sjå ut slik det gjorde før. Morten fortel ei historie som handlar om takrennene.
— På 50-talet kom det ein omreisande som selte takrenner, og det kjøpte dei for å ha på huset. Då dei hadde betalt og fått takrennene, stakk denne blikkfanten» av, så dei fekk aldri montert dei på.
Morten fortel at han fann desse takrennene då dei restaurerte, og dei heng no på det gamle sauehuset.
Det finst mange stader på eigedomen til å slappa litt av på - blant anna her med hengekøyene likar barnebarna deira å vere, fortel Morten Brekke.Foto: Kristina Haugen Moe
Ein flott eigedom har ekteparet Brekke på Kvaløy. I bakgrunnen kan ein sjå hovudhuset og den gamle løa.Foto: Kristina Haugen Moe
Møbler frå skogen
Det første dei gjekk i gang med etter overtakinga var å restaurere naustet. Saudabuane kjøpte eit mobilt sagbruk og ville nytte tømmer frå eigen skog.
— Me lagde kledning til naustet frå eigen skog, og det er veldig kjekt at me har brukt det om igjen på den måten.
Naustet er ikkje det einaste dei har brukt eigen skog til. Kjøkeninnreiinga i hovudhuset er også henta berre nokre meter frå sjølve huset.
— Me har skoga her ute og tørka det, og så har me laga kjøken, for far til Unn Karin er flink med slikt. Alt som har rekkverk i andre etasje, kjøkeninnreiing og naustet er skoga rett utanfrå her, smilar Brekke.
Stolar, bord, rekkverk, kjøkenbenk. Alle desse er laga av far til Unn Karin av skogen berre få meter frå huset.
Planar vidare for restaurering
Ekteparet er likevel langt i frå ferdige. Utanfor hovudhuset ligg ein halvferdig terrasse – sjølv om dei eigentleg ikkje hadde planlagt å starte på noko nytt prosjekt heilt enda.
— Ingen av oss kunne ha kjøpt ei ferdig hytte, det passar ikkje heilt for oss, ler dei.
I tillegg til terrassen, som skal gi utsikt til sjøen, har dei også lyst til å lage ein gamal utedo med hjarte i døra, det er planar om ein badestamp, og i tillegg har det aktive ekteparet starta med å opprette grønsakshagar på eigedomen.
At dei har nok å henga fingrane i, er det ikkje tvil om.
Morten og Unn Karin Brekke saman med hunden Emil. Dei er langt frå ferdige med restaureringa, og har mykje å henga fingrane i.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.