Gunnbjørg Nesbu i aksjonskomiteen i Vindafjord.
Langt fleire besøkte rådhuset
Midt på dagen på fredag var det enno fleire timar igjen til å ta valdagen på forskot, sidan førehandstemminga på rådhuset i Ølen ikkje stengde dørene før klokka 20.00 om kvelden. På det tidspunktet var det 794 som hadde førehandstemt i eigen kommunen, pluss 90 som stemte i ein annan kommune.
Før sjansen var over, var det langt fleire i årets val sidan 590 gjorde valet unna før valdagen i 2015. Det låg difor an til ein auke på nærmare 40 prosent i år.
— Det har vore ein del trykk på å stemme dei siste dagane, så eg reknar med at ein del vil nytte sjansen seinare i dag også, seier Magne Inge Vårvik.