Fem dagar før valdagen 9. september skal rådmann Yngve Folven Bergesen i Vindafjord presentere ein sparepakke i formannskapet på rundt 15 millionar kroner. Det kan føre politikarane inn i ei betydeleg knipe der dei må ta stilling til det som vil bli upopulære tiltak berre dagar før veljarane går til urnene. Side 2-3
KLP vil ikkje godta den rådgivande avgjerda i Finansklagenemnda som meiner Vindafjord kommune skal ha full forsikring. Dersom rådmann Yngve Folven Bergesen vil unngå eit tap på 30-40 millionar, må han rå politikarane til å vedta søksmål.

Nedlegging av sjukeheim: Ber om fleire svar frå rådmannen

Ingen av dei politiske partia hoppar på rådmannen sitt forslag om å avvikle Ølen omsorgssenter og kutte i tenestetilbodet for eldre.

Publisert Sist oppdatert

Rådmann Yngve Folven Bergesen har kniven på strupen for å spare millionar, men forslaga om å leggje ned sjukeheimen i Ølen, pluss å avvikle to dagesentra, var nok for dryg kost for dei fleste. Og det trass i at kommunen så langt i år har brukt 38 millionar kroner over det som er budsjettert. Sprekken er aller størst i pleie og omsorg.

Høgre ber om meir

— Det er ikkje fornuftig å vedta ein sparepakke no som isolert berre gjeld pleie og omsorg. Vi vil ikkje vedta tiltak som i neste omgang kan føre til at kommunen får større utgifter. Heile drifta i Vindafjord kommune må vurderast for å finne tiltak. Difor vil vi at rådmannen skal gå i gang med å sjå breiare på det, seier Modolf Haraldseid (H).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS