Rakna i andre omgang
Med bortekamp mot Djerv 1919 2 på måndag, og ny kamp mot Avaldsnes fredag heime i Vats, vart denne veka akkurat så tøff som ein kunne tru på førehand. 6-0 tap på måndag vart til 1-4 på heimebane mot opprykksjagande Avaldsnes.
Vertane tok rett nok leiinga etter berre fem minuttar, og heldt nullen heile den første omgangen. Men Morten Frøland si skåring vart kun eitt trøystemål til slutt, etter at bortelaget sette inn fire mål utover den andre omgangen.
Det vart altså ei tung veke poengmessig for Vats 94/Skjoldar, men det var nok heller ikkje venta den store poengfangsten mot desse to laga. Heller ikkje neste kamp for heimelaget er av den lette sorten. Då ventar lokaloppgjeret mot Ølen i Vats.
Les meir om kampen i måndagens papiravis.