Vil ha fleire med
Med samanpressa lepper og lunger fulle av luft, tonar kjenningsmelodien til Olsenbanden ut i rommet. Dei 13 musikantane synest korps er topp, men dei skulle gjerne hatt med seg fleire.
I plenumssalen i Skakkesenteret har dei unge musikantane tatt turen på øving, og mens tonane til Olsenbanden smyg seg inn i øyrekanalane, kan ein også observera konsentrerte auge som i takt med musikken flyttar seg bortetter notelinjene. Engasjerte føter trampar takten, og med ujamne mellomrom høyrer ein små pust, når lungene skal fyllast på nytt med luft. Dei er ikkje mange, og dei er ikkje gamle heller, men spela kan gjengen i Etne skulekorps.
— Det er kjempekjekt å gå i korps, og eg har spelt i skulekorpset i fem år. Eg var berre fire år då eg starta, seier Andrine Grindheim (9) som har fått korpsmusikk inn med morsmjølka. Både mor og tre eldre søsken er også korpsentusiastar.
— Me var fleire i korpset før, for no er det mange som har slutta, seier Maria Sølvberg (10), og har heilt rett i det.