Forska på bukspyttkjertel
Kirurg Rune Horneland (45) har nyleg disputert for doktorgraden sin på Rikshospitalet i Oslo. Dei siste seks åra har den utflytta etnebuen forska på fordelar og utfordringar ved bukspyttkjerteltransplantasjon.
Det er fredag 11. oktober, og på Det medisinske fakultet på Rikshospitalet i Oslo disputerer kirurg Rune Horneland, oppvaksen på Fjøsna i Etne, for doktorgraden han har brukt dei siste seks åra på å ferdigstilla. Parallelt med full jobb som kirurg på transplantasjonskirurgisk avdeling på Rikshospitalet, har Horneland forska på fordelar og utfordringar med bukspyttkjerteltransplantasjon der denne koplast til tolvfingertarmen i staden for tynntarmen. På fagspråket blir ein slik transplantasjon kalla PTX, og denne dagen blei resultatet av mange års forsking lagt fram.
— Det gjekk ganske bra då eg først kom i gang. Det er alltid stress på førehand, fortel Horneland som har fått mykje merksemd av andre legar i heile verda, grunna denne forskinga.
Berre nokre dagar etter disputasen sette den ferske Doctor Philosophiae» seg på flyet til Korea, der han var invitert til ein stor kongress som gjesteførelesar, rundt nettopp denne doktorgraden. Den nye tittelen blir som regel forkorta med PhD, og er den høgste akademiske graden ein kan oppnå ved universitet eller høgskule i Noreg.