God, heimelaga mat på menyen
Alt var heimelaga, slik som det i all hovudsak pleier å vere, kunne Tone Aareskjold og dei andre kokkane på kjøkkenet på Ølen omsorgssenter skrive under på. Mat til 80 personar var i elleve-tida onsdag i ferd med å bli køyrt til Vindafjordtunet i Vats, rundt 25 porsjonar skulle ut til heimebuande, medan i fellesarealet på senteret i Ølen var det samla vel 60 som gledde seg til skikkeleg mat og dessert.
Ikkje kvar dag
— Det var godt, det smakte som det skulle, det, konstaterte imslandsbuen Sigvald Krokedal (83) om kjøttkakene.