Set pris på nærbutikken
Laurdag var det duka for ei landsomfattande markering av nærbutikken, og ved Åkrafjordtunet kunne Inger Marie Rullestad frå Teigland og dei andre kundane kosa seg med både kaffi og kake etter handleturen.
Ein landsomfattande kampanje for å få folk til å handla lokalt samla laurdag over 400 butikkar i heile landet til markering for nærbutikken. Kampanjen, som er eit samarbeid mellom den enkelte butikk og det statlege Merkur-programmet, har som mål å stimulera til meir lokal handel og setja søkjelys på kor viktig butikken er som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer.
Ved Åkrafjordtunet på Teigland i Åkrafjorden feira dei dagen med loddtrekning, gode tilbod og kake og kaffi til alle som tok turen innom. Ekteparet Inger Marie og Ole Johannes Rullestad bur berre ein kort spasertur frå Åkrafjordtunet og laurdag starta dei handleturen tidleg for å sikra seg ein kakebit.
— Det var god kake, seier dei og tek ein pause i handlerunden.