Border colliane Saga (t.v) og Iris er to av hundane til Jane Espevoll som driv med gjetarhundkonkurranse. Arkivfoto
Tok både første- og andreplassen
Jane Espevoll (29) frå Vikedal, kunne laurdag spandera ein velfortent godbit på gjetarhundane Saga (6) og Isa (3). Dei kapra nemleg både første- og andreplassen i fylkesmeisterskapen i gjetarhundkonkurranse.
Laurdag blei ein nydeleg flott haustdag på Hjelmeland, der fylkesmeisterskapen i gjetarhundkonkurransen gjekk av stabelen. Jane Espevoll stilte til konkurransen med hundane sine Saga på seks år og Isa på tre. Totalt var det 36 hundar som deltok.
— Først måtte me gjennom innleiande rundar på ti minuttar per runde, og her gjekk konkurransen ut på å først samla fire sauer inn i eit inngjerda område, og deretter skilja to og to sauer til kvar sine område berre ved hjelp av kommando og fløyte, seier 29-åringen.
Dette gjekk strålande, og både Isa og Saga gjekk vidare til finalen, der dei skulle handtera fem sauer i staden for fire. I finalen gjekk Saga sigrande ut med førsteplassen, og Isa kapra andreplassen.