Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ynskjer fleire omsorgstilbod til gards

Publisert Sist oppdatert

Inn på tunet» er ein nasjonal interesseorganisasjon som jobbar for å skape tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Han retter seg både mot skular og den oppveksande generasjonen, helse- og omsorgssektoren samt arbeidssektoren. Tre gardsbruk i Vindafjord er allereie med i ordninga, og studieturen førre onsdag gjekk til to av dei: først til Søre Skogen gard i Skjold, driven av Drude Isene og Martin Aeschlimann, og deretter til Haugen gard i same bygd, i regi av Kari Synnøve Velde Haugen og Jan Idar Haugen.

Det tredje, Øvregard i Imsland, ligg på ein heilt annan kant, men var òg representert ved bonde Anita Øvregard som kom til Skjold for å svare på spørsmål frå nysgjerrige kollegaar. Éin av dei var vikebuen Margunn Nesheim Tindeland, som var heilt i startfasen med å lure på om ho skulle stille garden til disposisjon.

— Det er verkeleg heilt i startfasen altså, det må understrekast. Me er heilt i starten berre med det å drive garden eg og sambuaren kjøpte for eitt års tid sidan, men dette høyrest jo veldig spennande og kjekt ut.

Powered by Labrador CMS