Sharon Kiswa er ei av dei to kenyanske kvinnene som kjem til Ølen med si sterke historie.Foto: Privat
Sharon Kiswa er ei av dei to kenyanske kvinnene som kjem til Ølen med si sterke historie.

Kjem med ei sterk historie

Eit møte med eit menneske kan få uante konsekvensar. Alle har ei historie å fortelja, og historieforteljing kan gi ny kunnskap og forståing.

Publisert Sist oppdatert

— Eit slik møte får du når Winnie Anyango og Sharon Kiswa frå Nairobi i Kenya besøker Kyrkjetunet i Ølen tysdag 26. november, seier Gunnar Hamnøy. Han er dagleg leiar i bistandsorganisasjonen NSP-AID (North South Partnership), som nå drar rundt i landet for å få støtte til prosjekt i Afrika. På samlinga i Ølen deltar også Vindafjord Soul Children og Vindafjord Soul Kids.

Dei to jentene har vakse opp i Kibera-slummen, ein av dei største slummane i Afrika. Gjennom den norske bistandsorganisasjonen har dei nå fått muligheit til utdanning. I tillegg til å studera hjelper dei til med frivillig arbeid blant barnefamiliar som treng hjelp til mat og skulegang for barna sine. Winnie og Sharon fortel sine eigne historier om naud og fattigdom, men også om håp og forventning.

NSP-AID sine givarar støtter i dag over tusen barn med skulegang og mat i to slummar i Nairobi, i tillegg til ein barneheim med 53 barn ved Mombasa på kysten av Kenya, samt ein del arbeid i Etiopia.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS