Truleg ny kuttliste i Haugalandspakken etter nyttår
Haugalandspakken kan mangle 1,7 milliardar kroner. Men både Espelandssvingane i Ølensvåg og gul stripe mellom Ølen og Etne, er ganske trygge på grunn av stor statleg finansiering.
Mørkelikrysset på E134 i Etne er det første nye prosjektet som blir sett i gang med pengar frå Haugalandspakken. Det er rett rundt hjørnet.
Framtidsutsiktene til Haugalandspakken er derimot usikre fordi søknaden om takstauke har stått i stampe i Samferdsledepartementet i snart tre år, og søknaden er difor ikkje lagt fram for Stortinget.
Den vedtatte Haugalandspakken må få godkjent ein takstauke på nærmare 60 prosent for at alle prosjekta skal bli realiserte.