Våt oktober, men også kjølig.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Våt oktober, men også kjølig.

Varmt og vått i Etne i oktober

Oktober var kjøligare enn normalen, og regntung.

Publisert Sist oppdatert

Maksimumstemperaturen for heile landet i oktober låg på 1,4 grader under normalen, og ein må heilt tilbake til 2009 for å finna ein kaldare oktober på landsbasis i følgje Meteologisk Institutt. Kaldast var det i Nord-Noreg med eit avvik på 2 til 4 grader under normalen ved fleire målestasjonar, medan eit par målestasjonar på Vestlandet hadde månadstemperaturar frå 0,1 til 0,5 over normalen.

Høgaste temperatur blei målt i Etne 11. og 16. oktober då gradestokken viste 16 grader, og på Tingvoll i Møre og Romsdal som hadde 16 grader 24.oktober.

På nedbørsfronten deler Etne topp-plassering med Bergen og Vikedal. Den våtaste stasjonen i oktober var Gullfjellet i Bergen med 393,2 mm nedbør. Etne kom på andreplass med 384,8 mm og Hundseid i Vikedal tok tredjeplassen med 355,5 mm. Minst nedbør var registrert i Troms og Finnmark, med 12,4 mm i Kåfjord i Troms som den tørraste.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS