Fekk servert lokal juleforteljing
Midt i peparkakebygda på Bjoa skule kunne publikum også få oppleva ei rykande fersk juleforteljing frå ei bygd på vestlandet som ifølgje forteljaren starta på B» og slutta på joa.» Ei spennande og absurd historie som handla om ei heil bygd som fekk prompesjuka rett før jul, og om ein stakkar som fekk skulda for det heile. Moralen i handlinga kokte ned til at ein aldri skal vera hemntørste, og at alle har eit ansvar for å vera snille.
— Dette stykket er eit resultat av ein skriveverkstad me hadde i starten på november, der heile 10 bjoabuar i grunnskulealder melde seg på for å vera med å skriva. Og det blei tidleg klart at prompehumoren kom me ikkje utanom, seier Linn Gjerde som har vore primus motor for prosjektet.
Noko for ein kvar