Inn den grøne porten
Ho hoppar gjerne uti utan å kjenne på vatnet først. Det var slik ho kom inn i politikken.
I huset ved Haraldseidsvågen står det sparkel og maling i entreen i huset ho flytta inn i fjor sommar. På tomta er det fem mål å boltre seg på. Oppussinga er ferdig i éin av etasjane, eit arbeid ho likar godt å pusle med.
Når ho har tid. Sandra Christin Brochmann Skarholm har ikkje alltid mange nok timar i døgnet med pendling mellom Skjold og jobben i Kopervik, aleinemamma annakvar veke og fylkespolitikken etter at ho kom på tinget i haust. Innimellom skal ho også ha tid til å halde seg i form og engasjere seg i firvillig arbeid.
— Dei store tinga i huset er ferdige, og eg likar litt utfordringar med å gjere ting sjølv. I alle fall er det kjekt når du er ferdig med noko, seier ho.