Julemarknad er ein av aktivitetane saniteten på Bjoa jobbar for.
Foto: Privat
Marknad på Bjoa presenterer ny julehistorie
Bjoa sanitetsforening har førebudd seg godt når dei komande laurdag slår på stortromma og inviterer til stor julemarknad. Blant anna vil nye julehistorier blir framført.
I fjor var det stinn brakke under arrangementet på Bjoa skule, og arrangøren håpar på like god oppslutning denne gongen etter å ha sendt ut ca. 500 julekort» til alle husstandane i krinsen. Anna Klette Steinsland i sanitetslaget fortel at rundt 30 utstillarar stiller med lokalt handverk, mat og alt anna ein kan trenga til jul.
— Bjoa sanitetsforening med gode hjelparar håpar å skapa ei god stemning rundt arrangementet og bidra til ein hyggeleg møtestad og kjøpelyst lokalt. Overskotet frå loddsal og kafédrift går til gode formål i bygda, blant anna ynskjer me oss ein ny hjartestartar, seier ho.
Nytt av året er at arrangøren i forkant av marknaden har invitert ungar i grunnskulealder til kreativ skriveverkstad.