Har inspirert mange til toppturar
Det var speidarane, med Olav Velde i spissen som for eit kvart århundre sidan kom på ideen om å laga eit konsept som skulle få fleire folk ut på tur. Fysisk aktivitet gir god helse, og speidarane valte ut ti fjelltoppar der dei la ut noteringsbøker som folk kunne skriva seg opp i. I dag har talet på nutar auka til tolv, og gulrota for dei alle er ein vandringsstav der personen med flest noteringar i løpet av eit år, får namnet sitt inngravert på staven.
— Målet vårt var å inspirera fleire folk til å ta fjellet i bruk, og me registrerer at det er mange som har fått inspirasjon. I løpet av desse 25 åra har me nesten registrert 80.000 personar som har skrive seg inn i bøkene me har lagt ut, seier Velde.
344 fjelltoppar