Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Siri Klokkerstuen og Tor Kleppa i Ap fekk ikkje gehør for å unngå reduksjon av eigedomskatt for å unngå kutt i tenester.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Siri Klokkerstuen og Tor Kleppa i Ap fekk ikkje gehør for å unngå reduksjon av eigedomskatt for å unngå kutt i tenester.

Tapte kampen for eigedomsskatten

Publisert Sist oppdatert

Medan Siri Klokkerstuen (Ap) ynskte å bevara eigedomskatten i tråd med rådmannen sitt forslag på 5 promille for å redusera kutt innan pleie, omsorg, skule og kultur, gjekk samarbeidspartia Sp, Frp, KrF H og V inn for ein reduksjon til 4,5 promille i forhold til rådmannen sitt forslag. Men alle partia gjekk inn for å redusera kutt i forhold til rådmannen sitt budsjett.

Medan Ap ville bruka skattekronene til å mellom anna å bevara andre etasje på Skånevik omsorgssenter, unngå stillingskutt på skulane og unngå kutt innan kultursektoren, gjekk samarbeidspartia inn for å redusera rådmannen sin kuttplan på mange av dei same felta, men i mindre skala. I høve samarbeidspartia sitt budsjett blei det føreslått redusert innsparing på 800.000 på Enge skule, 400.000 på Skånevik skule og 400.000 innan PLO. Dei la samstundes opp til ein auke i konsesjonskraft på 200.000 i forhold til rådmannen sitt budsjett, og ein auke i statlege overføringar på nærmare 3 millionar.

Fleirtalet gjekk også inn for å leggja til rette for bruk av fornybar energi på kommunale bygg, utbygging av breiband, framskunda arbeidet med kai på Tøsse/Eikemo og leggja til rette for fritt brukarval for praktiske bistand i kommunen.

Powered by Labrador CMS