Politiet fekk laurdag inn melding om at eit golv i eit sauefjøs har gitt etter, i Stokkadalen i Vindafjord. Til saman er det 15 sauer som har hamna i møkkakjellaren.
Operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt melder at både brann- og politimannskap er på staden for å hjelpa til med berginga av sauene, som trass det ufrivillige opphaldet i skiten ser ut til å vera i fin form.