Mona og Arne Bratland mista sonen sin Haakon i ein overdose for to år sidan. Han døydde i Essex i England, etter å ha tatt MDMA. No vil dei dela historia si med ungdom og foreldre i Etne og Vindafjord.
Foto: Anniken Mjaaland.
Deler sterk historie for å vekka ungdom
Mona og Arne Bratland mista ein son i overdose, og vil no vera med å vekka ungdommane som er for lite opplyste rundt rusproblematikken. Saman med fleire instansar inviterer dei foreldre og ungdomar til foredrag.
Haakon Bratland frå Svelvik var berre 21 år gamal då han reiste til Essex i England for å besøka ei venninne. Der blei han presentert for dopet MDMA som er eit sentralstimulerande middel, med same virkestoff som ein finn i ecstasy.
21-åringen var ikkje kjend med konsekvensane av stoffet før han prøvde det, og utfallet blei fatalt. Han døydde på sjukehuset i Essex, i armane på mor si som hadde reist frå Noreg og som var i total sjokktilstand.
— Denne type dop er dessverre på stor innmarsj i ungdomane sitt liv og blir stadig ufarleggjort. Det same er det med hasj og marihuana, som er noko heilt anna enn kva desse narkotiske stoffa var for 20 år sidan. Sjølv om det er svært krevjande for oss å reisa rundt og fortelja Haakon si historie, er det godt å kunne gjera noko meiningsfullt – midt i det totalt meiningslause, seier far til Haakon, Arne Bratland.