Etne er einaste kommune i regionen som har oppgang i arbeidsløysa den siste månaden, opplyser Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.Pressefoto
Etne er einaste kommune i regionen som har oppgang i arbeidsløysa den siste månaden, opplyser Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.Pressefoto

Dobling av arbeidsløysa

Etne er einaste kommune i regionen som har auka arbeidsløyse i januar. Årsaka er konkursen i ein av kommunen sine største private bedrifter.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidsløysa i Etne kommune har meir enn dobla seg den siste månaden. Vindafjord har ein mindre auke. Det generelle bildet ifølgje NAV sine tal for januar, er nedgang i talet på arbeidslause i januar. Etne er den einaste kommunen i regionen med eit negativt stort utslag i dei ferske tala. Her er det nå meldt inn 64 heilt ledige, mot 28 ved inngangen til 2020.

Hovudårsaka er konkursen ved entreprenørbedrifta Skånevik Maskinstasjon AS, der omlag 40 tilsette mista jobben sin. Etne har dermed auka arbeidsløysa frå 1,3 frå 3,0 prosent av dei sysselsette, og er den einaste kommunen i Sunnhordland med auke.

— NAV har gjennomført eit informasjonsmøte og er i kontakt med dei som blei råka av konkursen. Dei har fått informasjon om rettar og plikter, i tillegg til råd og rettleiing om korleis dei kan orientera seg i arbeidsmarknaden, opplyser Astrid Østerlid, leiar i NAV-region Sunnhordland i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS