Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Finpussar detaljane på ny bunad

Publisert Sist oppdatert

Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom husflidslaget i Etne, sogelaget, bunadsyar Ellen Tesdal og tidlegare etnebu Terje Hermansen stod den nye herrebunaden frå Etne ferdig i fjor vinter. Både husflidslaget og Hermansen hadde lenge ønskt seg ein herrebunad frå bygda, og med støtte frå Etne Sparebank, Etne kommune og BKK blei ønsket oppfylt.

Etter lanseringa inviterte husflidslaget bygdefolk og andre interesserte til å koma med innspel om eventuelle designendringar før den får status som Etnebunad for menn. Innspela har vore mange, og nå står prosjektgruppa klar med eit nytt forslag som dei vil dela med publikum under årets Kulturnatt.

— Det er veldig kjekt at folk har engasjert seg og kome med innspel, og me fekk imponerande respons på kulturnatt i fjor. Me har endra på ulike ting i forhold til Terje Hermansen sin bunad. I grove trekk ser bunaden lik ut, men nokre få detaljar er endra, fortel leiar i husflidslaget i Etne, Eli Aga.

Powered by Labrador CMS