Det blei observert perlemorskyer mange stader i Norge i desember. Her frå Kautokeino 29. desember.
Foto: Herdis Gaup Aamot
Mildt og våt julemånad
Desember 2019 er blant dei 20 varmaste desembermånadane sidan 1900.
I den siste månaden i 2019 var månadstemperaturen for heile landet 3,4 °C over normalen. Det melder Meteorologisk institutt i ei pressemelding.
Her står det vidare opplyst at desember 2019 er blant dei 20 varmaste desembermånadane i ein serie som går tilbake til 1900. Varmast var det i dei indre stroka av Finnmark og Austlandet med 5-6 °C over normalen. Nokre få stasjonar på Vestlandet, Austlandet, og i Nord-Norge hadde månadstemperaturar frå 1 til 2 °C over normalen. Slåtterøy fyr (Bømlo, Hordaland) var blant dei varmaste vêrstasjonane i landet, med 2,4 °C over normalen.
Mykje nedbør