Frå markeringa av trafikkofferenes dag i Karmsundgata, Haugesund.Foto: Tor Andre Johannessen
Frå markeringa av trafikkofferenes dag i Karmsundgata, Haugesund.

Minnast dystre tal

Seks personar omkom i trafikken i Rogaland og Sunnhordland i fjor. På landsbasis mista 110 livet.

Publisert Sist oppdatert

Trafikkofrenes dag er den første veka i januar arrangert ei rekkje stader i landet, lokalt i Haugesund. Det har gått 30 år sidan den første markeringa blei gjennomført. Fylkeskommunen, Trygg Trafikk, NAF og Statens vegvesen, fekk med naudetatane og kyrkja, og etter kvart fleire frivillig aktørar.

— Denne dagen handlar om å visa omtanke for dei pårørande og dei som blei skada i trafikken, og me minnast dei som døde etter ei tragisk trafikkulykke. Dagen er også ei påminning til alle trafikantar om å ferdast omsynsfullt i trafikken. Samtidig er Trafikkofrenes dag ei markering av at trafikksikkerheitsarbeidet stadig må prioriterast, seier Ingrid Lea Mæland, distriktsleiar i Trygg Trafikk Rogaland i ei pressemelding.

Sjølv om talet på drepne har vist ein nedgåande trend i mange år, er det mange som blir ramma direkte og indirekte når trafikkulykka er eit faktum.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS