Julie Matre Stople overrekte sjekken på 130 000,- til Vidar Akselsen
Foto: Jon Even Robberstad
Stor sjekk til Korosten
Elevar ved Ølen vgs har gjennom sin solidaritetsaksjon, Dagsverk Korosten, skuleåret 2018-2019 samla inn 130.000 kroner til utviklingsarbeid for barn og unge i Korosten i Ukraina.
Under julefesten på Ølen kulturhus, fekk dagleg leiar i THK, Vidar Akselsen overrekt pengane. Han takka for gåva, og fortalde korleis desse pengane er med på å endre livet til barn og unge, i fattige område i Korosten.
Ølen vgs har hatt dette som sitt Operasjon Dagsverk» sidan 2003, men framleis er behovet for hjelp stort. Annakvart år reiser representantar frå elevane til Ukraina og dei får sjå med eigne auge korleis forholda er, dei får snakke med rektorar, skulesjefen og ordføraren i Korosten og bestemmer kva dei innsamla midlane skal nyttast til.