Vêr-rekordar nasjonalt og lokalt
Over heile landet har det vore våtare og varmare enn normalt det siste året, og både i Etne og Vindafjord blei det sett rekord i både nedbør og varme.
Statistikk frå Meteorologisk institutt viser at hovudtendensen for temperaturutviklinga i Noreg dei siste 100 år er at det er blitt varmare. Frå 1900 og fram til rundt 1985 låg temperaturen jamt nær normalen, med ein kortvarig varmare periode på 30-talet, og etter 1985 har temperaturen vore jamt varmare. Når det gjeld nedbør viser målingane at det er blitt våtare dei siste 100 år, og særs tydeleg er det blitt dei siste 20 åra. Også det siste året viser målingar frå Meteologisk institutt både nedbørs- og varmerekordar fleire stader i landet.
Temperatur
I vintermånaden januar og februar viste målingar at månadstemperaturen her til lands låg over normalen. Januar hadde ein månadstemperatur på 1,2 grader over normalen, og februar hadde 3,5 grader. Resten av året varierte det frå 0,3 til rundt 3 grader over normalen, der desember 2019 hadde 3,4 grader over normalen.