Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det tyske cruise-skipet AIDAaura» er venta i havn i Haugesund ei heil rekke gonger i 2020. Skipet held 1266 passasjerar; nokre av dei største skipa held over 4.000.Foto: Pressefoto
Det tyske cruise-skipet AIDAaura» med over 1.200 passasjerar om bord ligg til kai i Haugesund i påvente av svar på koronasmitte.

Sterk auke i cruise-gjester

Publisert Sist oppdatert

Vigleik Dueland, reiselivssjef for Haugalandet, kan fortelje at om lag 145.000 cruise-turistar er venta til årets turist-sesong, fordelt på 70 skipsanløp, over perioden februar til oktober. Dette er ein god auke samanlikna med i fjor, då tala var 49 skip og 85.000 personar som besøkte Haugesundsregionen, inkludert utflukter til Ølen og Åkrafjorden.

Tyskland og Storbritannia dominerer oversikta over skipa som ankrar opp i Haugesund. Nokre av skipa tel berre nokre hundre passasjerar, medan andre er store: det tyske skipet AIDAperla» held til dømes 4.350 passasjerar. Det førstkommande skipet til Haugesund 10. februar, AIDAcara», er litt under midt på treet med 1.298 passasjerar.

— Om lag ein tredjedel av skipa er tyske, ein tredjedel er engelske, og elles finn ein skip prega av turistar og nasjonalitetar frå rundt om heile verda. Haugesund er som oftast første stoppestad på ein lengre tur oppover den norske kysten, så her står me for førsteinntrykket, fortel Dueland.

Powered by Labrador CMS