Ivar Nygård lever for historieforteljing og i mars kjem han til Etne kyrkje for å fortelja om dei første misjonæraneFoto: Privat
Ivar Nygård lever for historieforteljing og i mars kjem han til Etne kyrkje for å fortelja om dei første misjonærane

Bles nytt liv i forteljebygda

Korleis var det å reisa til Afrika for 150 år sidan for å vera misjonær? Det skal Ivar Nygård fortelja om når han snart kjem til Etne kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Det har lenge vore stille i forteljebygda Etne, men tysdag 10. mars blir det forteljekunst i Etne kyrkje. Då kjem Ivar Nygård frå Sandnes for å fortelja om dei norske pionermisjonærane som reiste til Sør-Afrika for 150 år sidan for å frelsa zuluar. Førstillinga som har fått namnet Sild, salighet og zulu» blir eit kunstnarisk djupdykk i ein spennande del av vår kulturarv.

Pionerar

Den gong kunne eit brev reisa i månadsvis rundt jordkloden før det nådde forventningsfulle øyro heime i Noreg. Det er vanskeleg å førestilla seg hovudpersonane, Guri og Tobias sine liv for så mange år sidan, men det er alltid nokon som må gå først og rydda grunnen. Nokon må setja opp husa og gjera alle feila, og nokon får oppleva gleda ved å vera først. Tobias og Guri var blant desse. Ekteparet var pionermisjonærane som reiste frå Stavanger til Sør-Afrika, og deira historie handlar om slit, plikt og offer, men også om kjærleik, glede og magiske zuluhistorier. Misjonærane sine brev tok verda med seg inn i bedehus, kyrkjer og heimar over heile landet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS