Styret og eigarane tatt på senga
Bekymringsmeldinga frå brannkorpsa i Etne, Suldal og Vindafjord kom overraskande på både eigarane og styret i det interkommunale selskapet. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim har alt fått spørsmål i kommunestyret om konflikten.
Brannmannskapet på alle dei fem stasjonane i Etne og Vindafjord stiller seg bak bekymringsmeldinga som kom fram i eit referat etter eit møte tillitsvalde og verneombod i dei tre kommunane i område aust i Haugaland brann og redning, hadde i Suldal.
Etterpå er det formulert separate erklæringar frå brannmannskapa i Etne og Vindafjord om at dei støttar ei bekymring for drifta og samarbeidet med leiinga i det interkommunale selskapet som har hovudkontor i Haugesund.
Lengst går brannmannskapa i Skånevik som har varsla at dei vil leggje ned arbeidet, dersom ikkje situasjonen endrar seg i løpet av ein tidsperiode.