Marita Kvitno Staurland i Imsland bygdekvinnelag er glad for den gode oppslutnaden frå bygdefolket
Foto: Privat
10 Kjappe
Viktig lag for bygda
Nyleg arrangerte bygdekvinnelaget i Imsland ein damedag på bygdehuset, og samla ein imponerande høg prosentdel av damene i bygda. Frå unge til gamle. Marita Kvitno Staurland seier det er lett å få både medlemmer i laget og folk til å møta på arrangementa dei lagar til. Eit lågterskeltilbod som mange ser ut til å setja pris på.
— Kva er di sterkaste side?
— Positiv, godt humør, inkluderande og takknemleg.