Lærar i Spania med portforbod
Den norske skulen i Malaga vert også påverka av Covid-19 viruset som herjar. Det rammar Anette Klungtveit (29) frå Imsland som for tida jobbar ved skulen i Spania.
Ved Den Norske skulen i Malaga, DNS Malaga, har Anette Klungtveit funne seg godt tilrette. Ho trivst som faglærar på mellomtrinnet ved skulen, som er ein norsk privat grunnskule frå 1.-10. klasse. 29-åringen har vore på Costa del Sol sidan desember ifjor.
Det å vere faglærar på mellomtrinnet for Anette sin del, handlar om å undervise i matematikk, naturfag, KRLE, samfunnsfag og gymnastikk, der all undervisning går på norsk.
Bonusen med å bu og arbeide her i Malaga, er vêret og klimaet, bekreftar imslansbuen.
— Me har berre hatt to dagar med skikkeleg regn sidan me kom ned hit i desember, seier Anette og legg til i intervjuet på Skype frå Costa del Sol i Malaga tysdag denne veka, at i dag er det overskya og rundt 17 grader.