Kort veg til oppleving av høgfjell
Turtips: Javnan, Våbrekkefjell, Vikestølen og TrollafjelletEikesdalsvegen i Øvre Vats er eit godt utgangspunkt for fine turar i området mellom Vats, Vikebygd og Ølensvåg. Det er gjort ein formidabel jobb med å merke ulike turar og stiar i dette området, i form av namneskilt og raudmåla steinar og stikker.
Det eg likar særleg med dette området er at det er lett tilgjengeleg, det gir oppleving å vere på høgfjellet, samstundes som det er fine skogkledde lier, myrar og til og med fiskevatn. Det er fleire stader ein kan starte turar inn i dette området: Bjordal, Vikebygd, Eikås og Eikesdalsvegen.
Mitt startpunkt for turen var Eikesdalsvegen. Frå den godt merka parkeringsplassen eit par hundre meter frå avkøyringa på E134 i Øvre Vats i retning Eikesdal, går det skogsveg vel tre kilometer opp til Eikedalen og Veldehytta. Denne delen av turen er fin for barnefamiliar, sidan ein kan snu når ein ikkje orkar meir, eller ein kan lokke med eit hyttebesøk i enden av vegen. Det er uansett lett å gå for både store og små.