Ako Jaf ved Lamino i Etne er glad for å vera tilbake etter over ein månad med stengte dører.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Er i gang igjen etter at skattekluss stengte gatekjøkken
Etter at enkeltmannsføretaket Lamino i Etne blei slått konkurs i mai, har eigar Ako Jaf (47) igjen fått varme i pizzaomnen og opna dørene til det populære gatekjøkkenet midt i Etne sentrum.
I februar i år leverte Etne og Vindafjord skattekrevjarkontor krav om konkurs til Haugaland tingrett som følgje av eit ubetalt skattekrav på om lag 176.000 kroner. Skuldaren møtte ikkje til konkurshandsaminga i retten i mai månad, og sidan retten ikkje fann haldepunkt for at skatteetaten si framstilling er feil, vart enkeltmannsføretaket slått konkurs.
— Skattetaten slo meg konkurs. Eg blei slått konkurs fordi eg ikkje møtte i rettsaka. Eg blei innkalla til rettssak for sein innbetaling av skatt og gløymde ut datoen, seier gatekjøkkeneigar Ako Jaf og meiner konkursen var urettferdig.
— Eg var skuldig 87.000 på siste faktura, og har betalt både skatt og moms. Tidlegare dreiv eg to butikkar, Lamino i Etne og Ølen pizzeria. Eg har betalt 750.000 i moms og skatt for begge butikkane. Men butikken i Ølen blei stengd i mai i fjor, og eg betalte likevel for to butikkar, seier han.