Debatt
Støtt felles opprop mot vindkraft!
Eg oppmodar ordførarane i Etne og Vindafjord kommunar om å støtta ordføraroppropet mot vidare planlegging av vindkraftutbygging i kommunane utan kommunal medverknad/styring på same måte som Tysvær, Karmøy og Kvinnherad av dei næraste kommunane så langt har gjort. Fristen er 20. juni.
Tidlegare vedtak i kommunestyra i saka om nasjonal ramme for vindkraft bør vera tilstrekkeleg grunnlag til å slå fast ønske om kommunal sjølvråderett i slike saker.
Oppropet frå initiativtakar, ordføraren i Lyngdal kommune, er sendt til alle kommunane i landet 25. mai.
Der ynskjer ein først og fremst ei lovendring om at det bør vera ein kommunal styringsrett etter plan- og bygningslova og ikkje som no statleg overkøyring med bruk av energilova. Då kan ein komma opp i ein situasjon som i Tysvær der lokaldemokratiet samt fylkesmann og fylkeskommune vart valsa over med bruk av statleg arealplan.
Jon Magne Svendsbøe
Vikebygd