Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland, er tilfreds med siste utvikling i arbeidsmarknaden.
FOTO: NAV
Etne har lågast arbeidsløyse i Sunnhordland
Stadig fleire av dei som blei permitterte i samband med korona-pandemien er på veg tilbake i jobb, og no har Etne kommune lågast arbeidsløyse i Sunnhordland.
Etne kommune kan skilte med dei lågaste arbeidsløysa i Sunnhordland med 62 heilt ledige, det er 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Tilsvarande tal same tid i fjor var 32. Det gir ein samla auke i arbeidsløysa på 107 prosent på eitt år, viser tal som Nav presenterte fredag.
I Vindafjord kommune er 175 personar, eller 3,6 prosent av arbeidsstyrken, heilt ledig. På same tid i fjor var 89 heilt ledige. Det vil seie at auka på eitt år er på 103 prosent.
Etne er den einaste kommunen i Sunnhordland som ikkje har auke i talet på heilt ledige samanlikna med månaden før.