Inviterer folk til å stilla i pysj til frukost og film
Kva med å stå opp, stilla til frukost i berre pysjamasen, og deretter kosa seg med film på storskjerm? Nettopp dette byr Skakka på, i dag. Det blir starten på eit spennande haustprogram.
Etter eit halvt år med koronapandemi, nedstenging, forsiktig opning og strenge restriksjonar, ser det endeleg ut for at hausten på kulturhuset i Etne kan by på fleire spennande opplevingar for både store og små.
— Me opna kinoen igjen i mai, og no ser me at folk er glade for å få koma ut å sjå film igjen. Sist helg hadde me to utselde framsyningar, og folk måtte snu i døra for me kunne ikkje ta inn fleire. Med restriksjonane som er, er salen full når ein tredjedel er utseld, seier kinosjef Ingvild Slåke.
Først ut på programmet no er premieren på barnefilmen Knutsen og Ludvigsen 2 – Det store dyret, og både Slåke, og dagleg leiar på Skakke, Gørild Eidhammer har lyst til å gjera litt meir ut av hendinga enn berre å visa film.