Eit knapt minutt frå førsteplass
I klassen for dei eldste, H70, glapp førsteplassen for Jarle Heddeland frå Vindafjord Orienteringslag med eit knapt minutt.
Kretsløpet Rogalandsranking i orientering føregjekk på Opheim i Ølen i regi av Vindafjord Orienteringslag søndag. Den nystarta Vindafjord o-klubben trassa surt haustvêr og covid-19, og gjennomførte kretsrankingløpet med løparar frå Egersund i sør til Bergen i nord.
Ope for alle
Sjølv om dette mellomdistanseløpet var eit kretsløp i samband med Rogalandsrankinga 2020, var det eit opent løp for alle medlemmer frå dei ulike klubbane. Det beste resultatet i H17 gjekk til Nydalen skiklubb ved Ragnar Tonjer. Dei yngste o-løparane stilte i klassen N2-open 10-16 (nybegynnarar) og gjennomførte eit løp på to kilometer.