Anne Sofie Sandvik har ikkje fått saka.
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDALFOTO: Arne Frøkedal
Krisepakke til fordeling
Over 2,4 millionar kroner er lagt på bordet for å hjelpa næringslivet i Vindafjord og Etne ut av kneika som korona-pandemien har skapt. — Ei gåvepakke som me håpar å finna gode mottakarar til, seier kommunalsjefane Hans Erik Lundberg og Anne Sofie Sandvik.
Nabokommunane Etne og Vindafjord har valt å samkøyra dei ekstraordinære covid-19-midlane dei nå er tildelte av staten via fylkeskommunen. Det er sett to søknadsfristar og det hastar med å få inn søknadar til dei to kommunale næringsfonda.
— Det er eit ynskje at omsøkte tiltak blir sett i gang så raskt som mogeleg, så vår oppmoding er straks å setja i gang med å søkja eller å få hjelp til å søkja. Eg håpar verkeleg at me får bruk for desse midlane. Me må ta vare på det næringslivet me har og helst få utvikla det vidare, seier Hans Erik Lundberg, kommunalsjef Utvikling og drift i Etne kommune, som frontar det nye næringsfondet saman med kollega Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Vindafjord.
Fortløpande tildeling