I godstolane finn Lene Svendsen og Kjetil Nedreskår roen. Her kan dei nyta spektakulær panoramautsikt over Skånevik, i ein utstikkar på huset der dei tre veggene er av fem meter høgt glas. Vesle Selma (3) er siste skudd på stamma, i familien som tel seks personar.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Prima med panorama i hus på stylter
Fem meter høge vindauge på alle kantar, gjer utsikta frå toppen på Prestalia spektakulær. Det er ikkje fritt for at ein får litt hjartebank når ein står og nyt synet over Skånevik. Men hjartebanken kan like så godt skuldast høgdeskrekk.
Kjetil Nedreskår (46) hadde eit grunnleggjande krav då han skulle byggja hus i heimbygda. Mest mogleg skulle liggja på eitt plan, og når tomta er stupbratt, blei løysinga eit hus på søyler. Det er eit fantastisk og absolutt utradisjonelt hus som ragar på toppen av Prestalia. Heile huset står i lause lufta» og det er berre tjukke søyler og dragarar som støttar det.
— Nybygget står på 32 søyler som alle er 19 centimeter tjukke. Søylene er bora fast med éin meter djup bolt i fjellet, fortel huseigar Nedreskår.
Det er ikkje fritt for at bygningen tiltrekkjer seg skodelystne, og dagleg har han folk oppi tunet som ønskjer å ta bilde. Ein laurdag kunne han telja 32 personar som hadde svinga oppom.