Korona-telt i Ølen er sett opp for personar i risikogruppa som vil sjekka seg. Foto: Jon Edvardsen
Teststasjonen i Ølen har vore i hyppig bruk i haust, men har også kosta pengar som kommunen får kompensert for.

Tilrår rask testing ved koronamistanke

Får du akutt luftvegsinfeksjon bør du melda deg til testing.

Publisert Sist oppdatert

Det nærmar seg haust og tid for forkjøling og luftvegsinfeksjonar. I desse koronatider er det viktig å vera testa seg dersom ein har mistanke om Covid-19, og for innbyggjarar i Etne og Vindafjord er det lurt å slå på tråden til koronatelefonen som er open måndag til fredag klokka 08.00 til 12.00 og 13.00 til 15.00 for nærmare informasjon om testing. På nettsida til Vindafjord kommune finn ein utfyllande informasjon om symptom og på koronasjukdom, og her blir folk som har mistanke om smitte bedne om å ta kontakt så raskt som mogeleg. Vaksne som får akutt luftvegsinfeksjon som sår hals, hoste, feber, tapt lukt-og smakssans og magesmerter skal så raskt som mogeleg melda seg til testing. Dersom born under 10 år får luftvegsinfeksjon, skal dei halda seg heime. Ein skal sjå an symptoma i om lag to døgn før ein vurderer testing. Om barnet blir frisk i løpet av denne tida kan dei gå tilbake til barnehage eller skule. Nokre barn har kronisk rennande nase, og desse barna kan gå i barnehagen utan testing, men foreldra blir oppmoda om å kontakta barnehagen og informera om dette.

Stabile tal

Det totale talet på bekrefta smitta i Etne og Vindafjord held seg lågt. Til saman er det registrert 14 bekrefta smitta i Vindafjord og 4 i Etne kommune. Talet på personar som let seg testa held seg oppe.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS