Westcon Yards har nettopp fått den fjerde kontrakten for nybygg hos Norled. Leiar for teknisk nybygg Endre Matre ved Nesvik» i dokka som skal vere ferdig i første halvår 2021. Det er eit batteriferje der det blir lagt til rette for drift med hydrogen.
Foto: Jon Edvardsen
Grossist i miljøferjer
Arbeidet på batteriferja Nesvik» går for fullt i dokka hos Westcon Yards, og verftet har ein solid flik av den grøne ferjeboomen. Søsterferja Hydra» kjem frå Tyrkia i desember og blir den første i verda med hydrogen som drivkraft.
Nesvik» med plass til 80 bilar og 299 passasjerar har det ganske romsleg i den 160 meter lange dokka som verftet i Ølensvåg kjøpte inn frå den russiske hamnebyen Arkhangels midt på 1990-talet.
— Der ser du 82 meter med høgteknologi, seier leiar for skipsbygging hos Westcon, Endre Matre.
Han peikar mot akterenden på ferja som skal inn i sambandet Hjelmeland-Skipavik-Nesvik i Ryfylke frå våren neste år.