Toralv Tveit likar seg betre ute på anleggsområdet enn på kontoret. Her på Opheim i Ølen der Tveit Maskin utfører oppdraget for Statens vegvesen med å fjerna den mykje omtala humpen på E134.
Foto: Arne Frøkedal
Har sett spor etter seg overalt
Denne ferske stripa på E134 i Ølen er siste i ei lang rekke. Toralv Tveit (67) og hans entreprenørbedrift har sett spor etter seg i fleire generasjonar.
Nøyaktig 70 år har gått sidan Tveit Maskin blei etablert. Gründeren Sigmund Tveit (96) gav roret over til sonen i 1980, men følgjer framleis godt med kva som skjer i det vesle selskapet med tolv tilsette og ei omsetning på i underkant av 30 millionar.
I dag er det Toralv Tveit som trekkjer i trådane, både som dagleg leiar, styreleiar og eigar. Han gler seg til jobb kvar dag, og har ingen planar om å pensjonera seg.
— Det er lange dagar og alltid travelt, men så lenge det er gøy å driva på med dette, held eg det gåande. Med så mange flinke medarbeidarar på jobben, eit godt arbeidsmiljø og nye oppgåver kvar dag, ser eg for me fleire nye år i bransjen, seier Toralv Tveit.