Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne måtte hoppa i sjøen, då ho oppnådde 5.000 kroner på Spleisen sin.
Foto: Privat
Hoppa i havet til inntekt for tv-aksjonen
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne gjekk verkeleg inn for årets TV-aksjon og hoppa i havet» for inntekt til WWF Verdas naturfond som er ein av verdas største miljøorganisasjonar, der målet er kampen mot plast i havet.
Ordføraren på Ekrheim i Stordalen oppretta den digitale bøssa på Spleis, der givarane kunne bidra. Når summen passerte kroner 5.000, skulle ho hoppe i havet», noko Spleisen oppnådde og eit friskt bad venta i Hundsvika i Etnefjorden.
215 millionar
I årets tv-aksjon kan Etne kommune vise til kr. 41,11 per innbyggjar og Vindafjord kommune kr. 44,07, som ligg litt over landsgjennomsnittet på kr. 40,34 per innbyggjar. Noko som er rundt tjue kroner mindre enn dei to førre åra under TV aksjonen.