Endre Matre har stor interesse for alt som flyt på sjøen, og sidan han starta i Westcon har han hatt ansvaret for 20 nybygg. På privaten er han trebarnsfar, hobbyfotballspelar og glad i mat.
Foto: Westcon
10 Kjappe
Lever og andar for det maritime
Endre Matre (45) frå Ølensvåg lever og andar for båt. I arbeidstida byggjer han båt, på fritida likar han å ta seg ein båttur, og om kvelden ser han gjerne dokumentarprogram av båtbygging på tv.
I løpet av arbeidstida si hos Westcon i Ølensvåg har Endre Matre hatt ansvar for 20 nybygg så langt. Og fleire skal det bli. Han jobbar aktivt for at maritime næringar også skal vera der etter at oljen får mindre å bety, og dei som bedrift må utvikla seg i tråd med kundane sine behov. På privaten tar han seg gjerne ein båttur. Om han ein sjeldan gong parkerer seg framfor tv-apparatet, er det gjerne programmet How to build på Discovery som blir førstevalet. — Det er kjekt å sjå korleis ting blir bygd, seier han. Skal 45-åringen unna seg noko ekstra, blir det gjerne eit godt fiskemåltid. Det er godt for både han og kundane hans, då dei også byggjer fiskebåtar.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg har godt humør, og så trivst eg med å jobba saman med andre menneske. Eg er god på det meste – bortsett frå sjølvinnsikt. Haha.