Fungerande ordførar Tove Elise Madland i Vindafjord saman med sentrale aktørar i arbeidet med sikring av E134 i Skjold. Frå venstre maskinførar Jørgen Mjånes og driftsleiar Øyvind Stange, og deretter byggjeleiar Ina Rognlid og prosjektleiar Asbjørn Opedal, begge Statens vegvesen.
Foto: Jon Edvardsen
Meir sikker E134 i Skjold
I dag er Risa AS i gang med å lage ein 3 kilometer meir sikker bit av E134 i Skjold. Dei mest alvorlege ulukkene kan bli halvert med romlefelt.
Fungerande vindafjordordførar Tove Elise Madland var med på å kaste glans over oppstarten vest for Isvik.
— Det skjer i Skjold, men det er viktig for alle som brukar europavegen, med denne typen tiltak som gjer trafikken meir trygg. Dette er ein veg for heile regionen, seier Madland.
Færre ulukker