Omega skal levera prosjektpersonell innan alle prosjektdisiplinar i løpet av dei neste fem åra.
— Me har tidlegare jobba med Eni Norge, som nå er ein del av Vår Energi. Me tar det som ei tillitserklæring at me nå er valt av Vår Energi til å levere prosjektpersonell, seier Anders Lunde, leiar for Omega si prosjektpersonellverksemd, Omega CS, i ei pressemelding.
Vår Energi er eit av Noregs største olje- og gasselskap og er operatør på felt i Barentshavet, Nordsjøen og Norskehavet. Selskapet produserer rundt 300.000 oljeekvivalentar dagleg.
I samband med denne rammeavtalen har Omega inngått samarbeid med underleverandørar som Proactima, WellPartner Consulting, Ridge, Westcon Power & Automation og Pride som kan tilby ekspertise innan sine respektive felt.
Omega har levert prosjektpersonell og løysingar til prosjekt globalt i over 25 år. I dag har Omega-konsernet over 1.300 tilsette på oppdrag for kundar over heile verda.
I tillegg til hovudkontor i Ølen har konsernet nasjonale avdelingskontor i Stavanger, Bergen, Trondheim, Kristiansund og Oslo. Omega sine internasjonale kontor er lokalisert i Danmark, Sverige, Storbritannia, USA, Canada, Guyana, Australia, Litauen, Frankrike og Singapore.
Det går ikkje fram av pressemeldinga kva verdi rammeavtalen kan ha.